Bilstønad

Kort fortalt

Har du varig funksjonsnedsetjing eller sjukdom som gjer at du ikkje kan nytte offentleg transport, kan du søkje om bilstønad.

Beskrivelse

Dersom du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel som følgje av sjukdom, skade eller lyte, kan du ha rett til bilstønad. Du kan ha rett til bilstønad dersom du har ei varig funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel, eller dersom bruk av offentleg transport fører til urimelege belastingar for deg. I tillegg må du ha eit behov for bil for anten å kunne

  • reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad
  • utføre din funksjon som heimearbeidande
  • hindre eller bryte eit isolert tilvere
  • avlaste familien i tilfelle der funksjonsnedsetjinga fører til særleg stor pleiebyrde og på den måten kan hindre innlegging i helseinstitusjon

Målgruppe

Menneske med varig funksjonsnedsetjing

Kriterier

Det er en føresetnad at transportbehovet ikkje kan dekkjast på annan måte enn ved stønad til bil. Det blir ikkje gjeve stønad til bil dersom funksjonsnedsetjinga er oppstått etter fylte 70 år.

Samarbeidspartnere

Nav

Regelverk

Sjå spesielt § 10-7 i folketrygdlova og § 3 i forskrift om stønad til motorkjøretøy ...

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må fylle ut søknadsskjema. Det lastar du inn frå lenkja under

Vedlegg

Vedlegga går fram av søknadsskjemaet.

Klagemulighet

Får du avslag på søknaden din, kan du sende klage innan seks veker frå du tok imot avslaget. Du må fylle ut klageskjema, sjå lenkja over.


2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 23.02.2021

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?