Skulefritidsordning
Kort fortalt
Skulefritidsordning (SFO) er eit tilbod om leik og fritidsaktivitetar før og etter skuletid. Har du barn i 1. til 4. trinn kan du søkje om plass for barnet i skulefritidsordninga.
Beskrivelse
Skulefritidsordninga har sitt eige verdigrunnlag. Den skal bidra til trivsel og gle i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til elevar i 1. til 4. trinn og til elevar med særskilde behov i 1. til 7. trinn.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Pris for tjenesten
12 timar gratis SFO for 1. til 3. trinn
Elevar på 1., 2. og 3. trinn får 12 timar gratis SFO. For dei som har deltidsplass, vil dette bety gratis SFO.
Redusert betaling for elevar på 1. til 4. trinn.
Viss den ordinære prisen er meir enn 6 % av den samla årlege inntekta til familien, har du rett til ein redusert pris.
Barn med særskilde behov
Dersom du har eit barn med særskilde behov og som dermed får eit SFO-tilbod, skal tilbodet vere gratis for barn i 5.- 7. trinn.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova § 4-5 og opplæringsforskrifta kapittel 2.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan søkje til kommunen om plass på skulefritidsordninga. I søknaden spesifiserer du om du har krav på redusert betaling eller om du har barn med særskilde behov.
Saksbehandling
Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Betalingssatser skolefritidsordning
| Skolefritidsordningen: | |
Hel plass 1.-3. trinn | kr. 1 721,- per mnd. |
| Hel plass 4. trinn | kr. 3 097,- per mnd. |
| Halv plass pr. mnd. 1.-3. trinn 12 timer gratis kjernetid | kr. 231,- |
| Halv plass pr. mnd 4. trinn | kr. 1 619,- |
| Matpenger pr. mnd. | kr. 203,- |
| Enkeltdager | kr. 269,- |
| Timepris | kr. 58,- |
| Søskenmoderasjon: Vanlig egenbetaling for elever med størst plass, halv egenbetaling for hvert av søsknene.Søskenmoderasjon etter gjeldende kommunale satser. | |
Sist oppdatert